Jaktåret 2021/2022

Om Hjorteviltregisteret

Naturdata driv Hjorteviltregisteret på oppdrag frå Miljødirektoratet. I Hjorteviltregisteret er det mellom anna moglegheit for:

  • lagring av vald- og jaktfeltopplysningar
  • ivaretaking av statistikk frå jakt og jegerobservasjonar
  • utskrift av fellingsløyve
  • utskrift av fellingsrapportar

Registeret er eit saksbehandlingsverktøy for kommunar og villreinnemnder og blir òg nytta til å rapportere jaktstatistikk og fallvilt til Statistisk sentralbyrå. Ansvaret for god kvalitetssikring ligg hos kommunane og villreinnemndene med bistand frå fylkesmannen/fylkeskommunen i kvart fylke. Dataa i registeret er tilgjengelege for alle. Rettshavarorganisasjonar og forskingsinstitusjonar, universitet og høgskular kan givast tilgang til å registrere eigne data eller registrere data for kommunar/villreinnemnder.