Jaktåret 2021/2022

Personvernerklæring for Hjorteviltregisteret

Her finn du informasjon om kva personopplysningar Hjorteviltregisteret samlar inn, kvifor vi gjer dette og rettane dine knytt til behandlinga av opplysningane.

Hjorteviltregisteret omfattar Hjorteviltregisteret.no, appen "Sett og skutt" og appen "Fallvilt".

Hjorteviltregisteret er eigd av Miljødirektoratet. Sjå personvernerklæring for Miljødirektoratet her.

Derfor tek Hjorteviltregisteret vare på personopplysningar

Innhenting av personopplysningar skal ta vare på oppgåver innanfor offentleg hjorteviltforvaltning. Det skal òg bidra til å gi brukarar av Hjorteviltregisteret best mogleg brukarrettleiing. Relevant informasjon om oppgåver brukar har i Hjorteviltregisteret kan sendast på e-post.

Innhenting av personopplysningar

Brukarar med utvida tilgang til Hjorteviltregisteret

For personar som skal opprette ein brukarkonto som gir utvida rettar i Hjorteviltregisteret, ber vi om namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse og tilhøyring til arbeidsgivar eller annan organisasjon relevant for bruken av Hjorteviltregisteret.

Vald- og jaktfeltansvarlege

Hjorteviltregisteret tar vare på personopplysningar om jaktfelt- og valdansvarlege som kommune eller villreinnemnd registrerer. Dette er namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse og institusjonstilhøyring dersom det er relevant.

Jegerar

Ved innlogging i Hjorteviltregisteret eller Sett og skutten-appen, legg jegerar inn jegernummer og fødselsdato. Opplysningane blir sende til Brønnøysundregisteret som gir beskjed om det er ein match mellom jegernummer og fødselsdato. Hjorteviltregisteret lagrar ikkje fødselsdato. Hjorteviltregisteret lagrar jegernummer slik at brukaropplevinga kan tilpassast jegeren. Vi ber òg om namn, telefonnummer og e-postadresse, det siste er frivillig å registrere.

Brukarar som ikkje legg inn data

For ålmenta, altså brukarar som ikkje loggar inn ved hjelp av brukarnamn eller jegernummer, behandlar vi personopplysningar ved hjelp av informasjonskapslar (cookies), sjå lenger ned.

Overføring og lagring av data

Alle opplysningar som blir overført mellom datamaskina di og sørvarane våre føregår over ei sikker linje (HTTPS). Opplysningane blir bevarte på sørvarar som blir drifta av Miljødirektoratet.

Lagringstid

Opplysningar om personar som ikkje har registrert data i Hjorteviltregisteret kan slettast.

Brukarar som har registrert data vil ikkje bli sletta fordi databasen bruker koplinga mellom registrator og sak av omsyn til historikk og datakvalitet. Slike brukarar blir eventuelt deaktiverte i systemet og vil ikkje kunne logge inn.

Kven kan sjå personopplysningane dine i Hjorteviltregisteret?

I den opne innsynsløysinga blir ingen personopplysningar vist.

Opplysningane "vald- og jaktfeltansvarlege" er tilgjengelege for andre registrerte brukarar med utvida rettar innanfor det same geografiske området (til dømes kommunebrukar eller villreinnemndsekretær).

Namn og telefonnummer til vald- og jaktfeltansvarlege er tilgjengelege for jegerar som loggar inn i Hjorteviltregisteret eller Sett og skutt-appen og går inn på same vald og jaktfelt.

Tilgang til eigne personopplysningar

Innlogga brukarar finn personopplysningane sine under "Profilen min". Jegerar, jaktfelt- og valdansvarlege og andre kan kontakte Naturdata AS for å få innsyn i eigne personopplysningar i Hjorteviltregisteret.

Utlevering av personopplysningar

Utlevering til andre partar vil berre skje dersom dette er nødvendig for å gjennomføre forvaltningsoppgåvene våre som involverer deg. Overføring av personopplysningar til databehandlarane våre blir ikkje sedde på som utlevering.

Overføring av personopplysningar til utlandet

Vi utleverer ikkje personopplysningar frå Hjorteviltregisteret til andre land.

Følgjande informasjonskapslar blir brukte i Hjorteviltregisteret

Namn Kjelde Hensikt Levetid
.AspNetCore.Cookies Hjorteviltregisteret Desse blir oppretta når du loggar inn på Hjorteviltregisteret, og er knytt til den innlogga brukaren din Forsvinn når du loggar ut av løysinga. Hvis du vel å bli huska ved innlogging er levetida 24 timar, hvis ikkje forsvinn dei når nettlesaren blir lukka
.AspNetCore.Identity.Application Hjorteviltregisteret Desse blir oppretta når du loggar inn på Hjorteviltregisteret, og er knytt til den innlogga brukaren din Hvis du vel å bli huska ved innlogging er levetida 24 timar, hvis ikkje forsvinn dei når nettlesaren blir lukka
.AspNetCore.Antiforgery.* Hjorteviltregisteret Anti-forgery token - Når du fyller inn eit skjema, blir dette brukt for å unngå eit CSRF-angrep Maksimal levetid er til nettlesaren blir lukka
ai_session Hjorteviltregisteret Blir brukt for Application Insights, eit verktøy for å samle statistikk om feil og yting for applikasjonar. Dette er ein anonym sesjonsidentifikator 24 timar
ai_user Hjorteviltregisteret Blir brukt for Application Insights, eit verktøy for å samle statistikk om feil og yting for applikasjonar. Dette er ein anonym brukaridentifikator 30 minutt
_ga Google Analytics Blir nytta for å skilje mellom ulike besøkande 2 år
_gid Google Analytics Blir nytta for å skilje mellom ulike besøkande 24 timar

Slik administrerer du informasjonskapslar (Nettvett)

Tenesteleverandørar til Hjorteviltregisteret

Bouvet ASA er leverandør for teknisk utvikling og vedlikehald. Naturdata AS er leverandør for support og utvikling. Norsk institutt for naturforsking er leverandør av data frå nasjonale overvakingsområde.

Ein eigen databehandlaravtale mellom Miljødirektoratet og dei tre leverandørane regulerer kva informasjon leverandøren har tilgang til og korleis den skal behandlast.